Studieåret 2010-2011 var eg på utveksling til Svalbard, ved universitetssenteret der (UNIS), som ein del av min bachelorgrad i Meteorologi og Oseanografi. Svalbard byr på fantastisk flotte naturopplevingar, nydelege snødekte landskap, det stadig endrande ljoset og dyreliv som er mindre folkevant enn på fastlandet. Oseanografiske tokt har tatt meg med til havisen, flotte fjordar og Ny-Ålesund. Turar med utgangspunkt i Longyearbyen har gått til Grumantbyen, Colesbukta, Barentsburg og Pyramiden, men framfor alt mange (ski-)turar til fjella rundt Nybyen, som Trollsteinen, Nordenskiöldtoppen, Sukkertoppen og Sarkofagen. Etter dette har eg vore tilbake ved fleire tilfelle i samband med feltarbeid.